Ingen grunn til misjons-skam

Overskrifta kan stå som ei oppsummering på fagdagen om misjon på Vestheim 5. februar: Eit førtitals pedagogar, diakonar, prestar og andre engasjerte menneske til seminar med temaet «Misjon – tvang til tru eller frisetting frå band?».

Ingen grunn til misjons-skam

Fleire misjonsorganisasjonar kom med korte innspel om arbeidet, som handlar om mellom anna trusfridom, kamp mot moderne slaveri, rettferd, menneskeverd, og ikkje minst det å dela ordet om ein rettferdig og nådig Gud – han som kallar oss alle inn i arbeid med dette.

Tore Laugerud, misjonsprest i Areopagos (bildet under), tok oss med på ei reise gjennom kyrkjehistoria. Der viste han først korleis kyrkja dessverre i mange hundre år misbrukte makt for å tvinga menneske til tru. Norske misjonsorganisasjonar som står i arven etter Hans Nielsen Hauge har derimot vore svært kritiske til all bruk av tvang eller uetiske lokkemiddel.

Tore Laugerud.jpg 

Knut Hallen, leiar i SMM (Samarbeid Menighet og Misjon) underviste vidare på dette emnet og fortalde –  mellom anna mykje interessant –  om det svært viktige forskingsarbeidet til Robert Woodberry, som påviser korleis protestantisk misjon har vore ein pådrivar for demokratiet i ei rekke land. Misjon har ført til meir utdanning, betre helse, større likestilling og eit meir utvikla sivilt samfunn.  

Denne arven må me som kyrkje og misjon ta vidare i dag.  Kyrkja er den største grasrotrørsla i verda. Me har fått eit frigjerande evangelium, og me er skapte, døypte og sende for å dela det med andre – i ord og handling, lokalt og globalt.  «Me har ingen grunn til å kjenna på misjons-skam» blei det sagt i samtalen etterpå.

Siste del av fagdagen fekk eit meir praktisk preg. Etter eit innlegg av Geir Sakseid, påtroppande rådgjevar for misjon, om korleis folkekyrkja kan vera misjonerande, leia kateket Olav Rønneberg ein panelsamtale om temaet. Sistnemnde har gjort eit godt arbeid med å førebu fagdagen, og leia dagen på ein engasjerande måte.  Fagdagen vart skipa til av Møre Bispedømeråd i samarbeid med SMM Møre, Diakonforbundet, Kirkelig Undervisningsforbund og Presteforeininga.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"